Tony og kusina, Silja, er på sommarferie hos bestefar. Dei vil at alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. På loftet til bestefar er det eit eller anna som går føre seg. Det er noko som er skjult der. For første gong må Tony sjølv finne ut kva som er rett og gale, og han må bokstavleg tala stupe uti. Dette er ei historie om rett og gale og det imellom. Utvikla i samarbeid med Leser søker bok. Forteljing for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 9-13 år
. - Tilrettelagt enkel tekst
Tony er på sommarferie hos bestefaren sin saman med kusina si, Silja. Alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. Eit asylbarn er meldt sakna, og alle trur barnet er drukna. Men kva er det som går føre seg på loftet til bestefar? Og kven held kva skjult? Tony opplever for første gong sjølv å måtte finne ut kva som er rett og gale, og han må bokstavleg tala stupe uti.
Forfattar Erna Osland og illustratør Sigbjørn Lilleng har i tekst og bilete laga ein lettlesen illustrert roman om rett og gale og det imellom.