Kjærleikslyrikaren som tok sitt eige liv.Da Tor Jonsson knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante dikta rar, sjølvstendig og myndig i tanke som i form.
I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd, eld mot kulde, medan han som journalist stod fram som ein sosialt engasjert skribent med kvasse åtak på urett og undertrykking, ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet.
Mellom dei etterlatne dikta fann dei eitt med sluttlinja: "Eg åtte ikkje kjærleik". Setninga oppsummerer fortvilinga hans, men gir neppe heile forklaringa på kvifor denne diktaren, som har skapt nokre av våre varaste kjærleiksdikt, valde døden framfor livet.
Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar er hos Tor Jonsson uløyseleg knytte til hans dramatiske liv og tragiske lagnad. Dette går fram av boka til Ingar Sletten Kolloen, journalist, avisredaktør og gudbrandsdøl. Boka byggjer på mange års forsking, nylesing, kjeldegransking, ukjente brev og samtalar med nærare to hundre informantar.
Kolloen har i sitt nærgåande, usminka og nyanserte portrett av ein svært motsetningsfull personlegdom skapt ein medrivande biografi som også har sine element av kjærleiks- og kriminalroman.