Hunden blir ofte kalla for mennesket sin beste venn. I denne boka får ein mange morosame og overraskande fakta om hunden. Blant anna at hundar sveittar frå nasen eller at ein hund er like smart som eit barn på to år. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. "Leseland - nivå 1" egner seg for barn som nett har begynt å lese. Bøkene har lita tekstmengde, 5-10 ord per side, og mange illustrasjonar, med tekst direkte kopla til bileta. Lettlest for småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 6-9 år
. - Lettlest
Visste du at hundar sveittar frå nasen? Eller visste du at ein hund er like smart som eit barn på to år? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hunden, mennesket sin beste venn. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske. Voff! Visste du at ...? HUND er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese.