Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgjeve:
[2011] . - Bok . - 190 s.
Nynorsk
Hylleplass:
q 636.3 B
Bestill       Hugs denne

(beta)Bli den første til å skrive ei melding
Forlaget skriv om denne boka: Villsauboka gjev ei grundig framstilling av villsauen si kulturhistorie og fortel om villsauen sin plass i høve til andre saueraser.
I over fem tusen år har menneske stelt kystlandskapet for å skaffe seg mat og skapt seg eit liv i nært samspel med naturen. I lyngheiane ved havkanten har dei hatt sauer på beite, som gav både kjøt, mjølk, skinn og ull. Den gammalnorske sauen er eineståande og har til alle tider gjeve oss så rike gåver at han fortener respekt og omsut. Ursauen er ikkje gammaldags, men ein sau for framtida, skriv forfattar Hilde Buer i denne første boka om villsauen.
Villsauboka gjev ei grundig framstilling av villsauen si kulturhistorie og fortel om villsauen sin plass i høve til andre sauerasar. Vi får høyre om kva som sær­pregar villsauen, og korleis ein kan få mest mogeleg ut av sauehaldet gjennom samspelet med dyra. Andre emne er stell av lyngheiane, lyngbrenning, avl, beit­ing og fôring, bruken av ulla, villsaugarden og sauehaldet i vid forstand.
Villsauboka er både ei lærebok og ei oppslagsbok, men også ei bok til glede og inspirasjon for alle med interesse for sauehald. Boka byggjer på oppdatert kunnskap og forskingsresultat frå inn- og utland.
For nokre tiår sidan var den norske villsauen truga av utrydding. I dag er villsauhaldet i stor vekst, og ein reknar med at det i 2010 var kring 40 000 søyer i landet. Desse sauene syter for å halde dei utrydningstruga lyngheiane opne og gjev liv i mange små kystbygder. Villsauen ber med seg rik kulturhistorie og viktig genetisk arv for framtida.
Hilde Buer (f. 1958) frå Os er sivilagronom med mastergrad i husdyr­ernæring. I 1999 slutta ho som fylkes­jordsjef i Hordaland og flytta til øya Grøneng i ytre Sunnfjord, der ho er villsaubonde. I fleire år var ho leiar i Norsk Villsaulag BA, og ho er medlem i Norsk Genressursutval for husdyr.
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips ein ven om Villsauboka
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Anna vising