"Og alle ting vert nye" er andre utgåve i den årlege novelleantologien "Nye nynorske noveller" som inneheld nyskrivne noveller som presenterer breidda i den nynorske litteraturen. Novellene i samlinga handlar om å høyre til og om røter og slekters gang. Dei går føre seg i tidlegare tider, vår eiga tid - og i verdsrommet. Vi møter mellom anna ein tidlegare laushund som tek på seg eit stort ansvar, ei jente som desperat prøver å halde att ei venninne som er på veg bort, ein mann som i auga til eit lite barn ser alt som kunne ha vore, og ein mann som ser familiegarden gå opp i flammar. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Omtalen er utarbeidd av BS.
Og alle ting vert nye er andre utgåve i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller som inneheld nyskrivne noveller som presenterer breidda i den nynorske litteraturen. Novellene i samlinga handlar om å høyre til og om røter og slekters gang. Dei går føre seg i tidlegare tider, vår eiga tid - og i verdsrommet. Vi møter mellom anna ein tidlegare laushund som tek på seg eit stort ansvar, ei jente som desperat prøver å halde att ei venninne som er på veg bort, ein mann som i auga til eit lite barn ser alt som kunne ha vore, og ein mann som ser familiegarden gå opp i flammar. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Omtalen er utarbeidd av BS.