Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgjeve:
2002 . - Bok . - 192 s.
Nynorsk
Opplysningar:
Gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre tiår borte, men likevel så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort. Boka handlar om 78 gamle båtar, alle heimehøyrande i Sogn og Fjordane, båtar som gamle sjøfolk bestemt hevda var mykje meir enn berre tomme skal ? dei hadde sjel. Her kan du lesa om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar med byggeår frå 1860 til 1958. Boka tek føre seg fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Boka har omtale av kvar einskild båt og dei som arbeidde om bord, skildringar av kvardagsliv og dramatiske hendingar, faktaopplysningar om kvar båt og eit biletmateriale med over 150 gamle fotografi i svart/kvitt. Forfattaren er fiskarbonde og skribent. Nynorsk tekst.
Hylleplass:
q 387.2 T
Bestill       Hugs denne

(beta)Bli den første til å skrive ei melding
Forlaget skriv om denne boka: Det seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort.
Denne boka handlar om 78 slike gamle båtar, alle heimehøyrande i Sogn og Fjordane, båtar som våre forfedre bestemt hevda var mykje meir enn berre eit tomt skal.
Båtane var akkurat som mennesket: dei hadde sjel.
Her finn du historia om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, frå "Havsulen", bygd før 1860, til "Frøyabuen" bygd i 1958. Her er fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Tretten av båtane finst framleis, den eldste er "Fix" frå 1873.
Det båtane har til felles er at alle har hatt heimehamn i Sogn og Fjordane, frå Måløy og Bremanger i nord, til Gulen og Solund i sør, med eit tyngdepunkt i kystbyen Florø.
"Båtar med sjel" inneheld:
- omtale av kvar einskild båt og dei som har arbeidd ombord
- skildringar av livet ombord, kvardagsliv og dramatiske hendingar
- faktaopplysningar om kvar båt
- eit eineståande biletmateriale med over 150 gamle foto.

Havet tok : 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane


Malvin Toft ... [et. al.]
Bok utgitt 2003
Ledig (Avd.: Lokalsamling - Plassering: Sjø og båtliv q 910.45 H)
Bestill Hugs denne

Båtar med sjel III : 71 fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet


av Hans H. Steinsund (Hans H. Steinsund, Malvin Toft, m.fl.)
Bok utgitt 2009
Ledig (Avd.: Fiskeri q 387.2 S)
Bestill Hugs denne

Båtar med sjel II : 67 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane


av Malvin Toft (Malvin Toft m.fl.)
Bok utgitt 2007
Ledig (Avd.: Fiskeri q 387.2 T)
Bestill Hugs denne

Krigsseglarar


av Malvin Toft (medforfattarar: Hans H.Steinsund ; Kjell-Ragnar Berge og Jens Brekke)
Bok utgitt 2008
Ledig (Avd.: Fiskeri q 940.53 T)
Bestill Hugs denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips ein ven om Båtar med sjel : 78 fiske- og f
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Anna vising

Hugseliste

Lista er tom