Forlaget skriver om denne boka:
Gud skifter andlet er det tredje frittstående bandet i den historiske romanserien Tusen vårar, som vart innleidd i 2001. Staden er Sunnhordland, tida er det hendelsesrike 1500-talet, då reformasjonen skapte strid og store endringar så vel i det kyrkjelege livet som blant einskildmenneske. Gudrid kjem frå ringe kår, men fleire kjenner seg tildregne av henne, soleis soldaten Bror Jamt og ikkje minst prestelærlingen Fartegn Villumsson. Men det vert den velståande bonden Ivar som kjem til å spela den største rolla for Gudrid. Me møter og den første lutherske bispen i Bergen stift, Gjeble Pedersen. Gjennom denne romanen kjem me tida og striden sterkt inn på livet. Her er levande forteljing og sterk historisk innleving, og dei klårt teikna personane er med og gjev liv og farge til det rike stoffet.