"Det saltlause saltet" er konsentrert kring familien Nattvatn på garden mellom Bygd og Sokn. Sikfus Nattvatn, emissæren som innrømde å ha bore seg usedeleg åt på ferdene sine, er no død. Han etterlet seg to ting som vert dei ytre drivkreftene i romanen: eit manuskript om livet sitt og røynslene sine, og eit surr av folkesnakk om at den ulukka som tok livet hans, kanskje ikkje var ei ulukke likevel. Kona, Kari Alida, dei fem borna og grannen Gaute speler alle viktige roller i forteljinga, etter kvart kjem det òg til nokre svigerborn.