Eureka fortel her om faren sin, som ligg i badekaret med bollemagen i veret og lagar såpeboblar. Han lagar svære prompeboblar som kjem opp mellom låra hans. Grunnen til at han fis så mykje er at han har vore for lenge i Prompeland, seier han sjøl. Eureka trur ikkje heilt på det. Pappa tar ho med til sjøs, langt ut i det Indiske hav, der Prompeland ligg. Der får Eureka og Arkimedes seg mang ei overrasking. Eindimensjonale biletelement, kvardagsgjenstandar i naivistisk bearbeiding og sprelske andlet og figurar er gode kulissar for opptrinna som finn stad. Dette er tredje bok om Arkimeds, pappa og Eureka. Nynorsk tekst. Biletbok for førskolebarn/ungdomstrinnet.
Pappas hemmelige fortid
Dette er tredje boka om Arkimedes, pappa og Eureka. Akkurat som i dei to føregåande bøkene ligg pappa i badekaret med bollemagen i veret og lagar såpeboblar. Opp mellom låra hans kjem svære prompeboblar buldrande, han fis så mykje fordi han har vore for lenge i Prompeland. Eureka trur ikkje at Prompeland finst, men pappa vil vise ho noko anna. Saman med Arkimedes drar dei til sjøs, langt ut i det Indiske hav. Der ligg Prompeland, der pappa var i sin ungdom, og Eureka og Arkimedes får seg mang ei overrasking.