Johannes Heggland var truleg den mestskrivande forfattaren her i landet då han la ned pennen for godt i januar 2008. Frå han debuterte i 1941 til siste boka kom ut få veker etter gravferda, hadde han prestert nærare 80 publiserte tekster, alt frå lokalhistorie og historiske spel til barne- og ungdomsbøker, samt romanar og noveller for vaksne. Han var og gardbrukar og politikar og hadde ei rekkje opppgåver utanom, mellom anna var han i ein periode på 1980-talet formann i Den norske Forfatterforening. Denne filmen er ingen biografi, men prøver å gje eit bilde av forfattaren, mellom anna korleis han tenkte om det å bli forfattar og om bøkene og bokseriar han har skrive. Opptaka med Heggland vart gjorde i løpet av 3-4 opptaksseansar sommeren 2007. I tillegg møter ein og kona Hjørdis og ei av døtrene.
. - Tillaten for alle