Vis alltid denne fanen
Tusen vårar 1. Sigrid Jonsdotter
Medan kristendom og heidenskap kjempar om makta over sjelane i Noreg, strir lendmannsdottera Sigrid Jonsdotter sin eigen kamp; mellom røysta i hjartet og kravet frå ætta.
Sigrid Jonsdotter er høgreist og vakker, og ho er einaste barn av lendmann Jon Gauteson i Sunnhordland. Faren vil finne ein storkar til henne, ein som kan fylgje han som lendmann, føre ætta vidare og gjere ho endå rikare. Men menneskehjartet lyder andre lover. Sigrid vert glad i Rafn, trælesonen og løysingen, ein ættelaus i ættesamfunnet. Då Sigrid vert med barn, vert Rafn jaga som fredlaus, medan Sigrid må dra frå farsgarden og den nyfødde vert lagd i kyrkja for å døy. Johannes Heggland teiknar opp ei fengslande og dramatisk soge frå 1000-talet, om eit Noreg i endring. Her kjempar ny orden mot gamal, kristendom mot heidenskap, lendmannsmakt mot kyrkja. Og midt i stridane finn vi menneskelagnadane; lendmannen og dottera hans, løysingen, munkane frå Irland og kong Magnus Olavsson sjølv.