Freden kløyvde tida i to med ein økseegg. Livet hennar, ein ikkje fullført roman. Ei påbyrja bok med kapittel stinne av hending og handling. Og så: ingen ting. Som om skribenten har slengt frå seg manuset og gått.
Alt er så lenge sidan.
Men ingen har gløymt.
Ho sjølv stirrer ut i verda. Passar på at verda ikkje stirer tilbake. Men Tea. Tea går her og ser på henne med trugsel i augo.
Ho ligg vaken om natta og glaner i tømmerveggen.
Mai 1960. Krigen har blitt fjern og kan nesten synast gløymd. Krigserfaringane har blitt ein bleik, taus understraum i livet til Dagny Vik. Men då Hermod Austo finn restane av eit lik inni fjellet, og kunstmålaren Bentein kjem til bygds, er krigens påtrengjande nærvær der att, fullt av løyndommar og uppgjorde synder.