Kulturfond
. - I denne boka er seks av Samuel Becketts kortprosatekstar samla: Fyrste kjærleik, Kasta ut, Nok, Pling, Dei fortapte og Løyse. Utval og omsetjing er ved Jon Fosse. Tidlegare norske utgåver av Becketts korte tekstar har basert seg på dei franske originalane, men tekstane i denne omsetjinga er sette om frå engelsk. Beckett er kjend for å skrive smått om det store. Han sirklar rundt menneskets komplekse tilvære og tilbyr lesaren eit nytt og annleis blikk på verda. Boka blir utgitt som ein del av Skald sin klassikar-serie. Omtalen er utarbeidd av BS.
I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare tekstar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse.