Bestevennene Jakob og Neikob skal denne gongen fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For på loftet står det ein mystisk sekk, men dagen etter er den bort. Jakob trur ikkje på Neikob når han seier sekken forsvann på kjelken. For første gong er bestevennene blitt verstevenner. Vegen tilbake til vennskap involverer både ein engel, julenissen og den store sekken som kanskje er fylt med pakkar. Dette er ei forteljing om dei store tinga i livet, vennskap, forsoning og jul. Illustrasjonane er laga i ein retroaktig stil. Billedbok for førskolebarn.
. - God, leseleg skrift
Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.
- Vi treng ein sambuar, seier Neikob.
Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, og denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner.
Den tredje boka om Jakob og Neikob handlar om dei store tinga i livet: vennskap, forsoning og ikkje minst jul.