Originaltittel: Frantumaglia
. - Har notar
. - Elena Ferrante er kjend for mange lesarar etter firebindsverket «Mi briljante venninne». I denne boka får lesaren gløtte inn i forfattarens arbeidsrom. Gjennom brev, intervju og essay trer det fram ein kresen og kompromisslaus forfattar. Lesaren får innblikk i forfattarens skriveprosess, og tema som ho er opptatt av: feminisme, morskap, psykoanalyse, litteratur og film. Ho fortel òg om barndommens kjelde av fantasi, førestillingar og minnefragment, som kan bli til historier. Boka er fyrst og fremst ei kjelde til innsikt i forfattarens poetikk og stil. Kristin Sørsdal har omsett boka frå italiensk. Omtalen er utarbeidd av BS.
EI HEIL VERD HAR LESE Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane.
Boka tar oss med til arbeidsrommet til Elena Ferrante, ein kompromisslaus forfattar med ein altomfattande lidenskap for litteratur. I brev, intervju og essay snakkar ho om korleis bøkene blir til, og kvifor det er heilt nødvendig at ei bok får leve sitt eige liv - frigjort frå forfattaren. Ho drøftar tema ho er opptatt av, blant anna morskap, feminisme, psykoanalyse, film og litteratur. Ho skriv om barndommens mektige lager av fantasi og førestillingar, om minnefragment - og fruntumaglia - som blir til forteljingar.
Dette er rike og kloke essayistiske tekstar og det nærmaste vi kjem verdsforfattaren Elena Ferrante.