Krabben Klara og venen hennar, seien, lever i eit undersjøisk kongerike på botn av havet. Ein dag er venen hennar forsvunnen. Så byrjar det å henda mystiske ting som gjer at Klara vert lokka langt bort frå huset sitt og ut i det ukjende. Nokon syng ein magisk song, og det kjem nokon underlege spøkelsesfiskar. Krabben Klara må rekka å utføra det vanskelege og farefulle oppdraget som ho etter kvart vert sendt ut på. Dette er ei forteljing om plastforureining i havet. Fortelling for småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 6-9 år
. - God, leseleg skrift