Kulturfond
. - Det er vår og Ylva og pappa er på veg til sommarhuset som ligg ute ved havet. For å komme fram dit må dei gå på ein smal sti som nesten heng i lause lufta, her må dei ikkje trø feil. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. I fjøresteinen oppdagar Ylva at ei av villgeitene held på å få killingar. Det same har ørna oppdaga. Ørna prøver å ta killingane. Ylva må gjere det ho kan for å redde dei to killingane frå ørna. Dette er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss. Forteljing for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 3-9 år
Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene.
Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her.
Det same gjer ørna.
Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande.
Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt.
Kan Ylva klare å redde dei to killingane aleine?