I dag er usemja mellom partane i debatten om norsk vindkraft steil. Lokale kreftar aksjonerar, miljømedvitne politikarar blir ståande i spagat og den før så positive steminga rundt tilsynelatande klimavenleg energi har stilna. I denne boka ser forfattar Anders Totland på konflikta som oppstod og vindane som snudde. Det er storkapital og internasjonal politikk, og det folkelege engasjementet som botnar i kjensla for heimstaden og behovet for å bli høyrt. Omtalen er utarbeidd av BS.
Debatten om norsk vindkraft eksploderte i 2019. Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde lenge politisk støtte frå både folk og politikarar, men så endra det seg nærmast over natta. Folket reiste seg til kamp. Med fleire kritiske blikk kom heilt nye sider ved vindkrafta til syne. Det handla om enorme pengesummar og internasjonal politikk, men også om folk sin kjærleik til nærområda og ei kjensle av å bli overkøyrt. Det historiske folkelege engasjementet har ikkje berre fått folk opp på barrikadene, men det har òg endra norsk politikk. Dette er historia om då vinden snudde, og om folka som fekk det til å skje.