"Haustsong" er Hans Sandes sjette diktbok. Dikta i boka handlar om eit menneskeliv slik det kan arte seg frå start til slutt. Forfattaren skriv slagkraftig og med eit stort overskot om fødsel, oppvekst, samliv, aldringsprosess og det ukjende som uunngåeleg ventar til slutt. Med eit til dels humoristisk og skarpt blikk skildrar forfattaren naturen og menneske som stadig er i endring. Vi får ta del i ulike opplevingar, alt frå ljåslått og skeiseløp til språkglede og springeglede. Og vi får vere med inn i relasjonar som kan vere både gode og smertefulle på same tid. Vi er med på å gå oss vill, men finn òg heim igjen. Og vi får kjenne på både dødsangst og korleis det er å forsone seg med døden til slutt. Omtalen er utarbeidd av BS.
'Haustsong' er Hans Sandes sjette diktbok. Dikta i boka handlar om eit menneskeliv slik det kan arte seg frå start til slutt. Forfattaren skriv slagkraftig og med eit stort overskot om fødsel, oppvekst, samliv, aldringsprosess og det ukjende som uunngåeleg ventar til slutt. Med eit til dels humoristisk og skarpt blikk skildrar forfattaren naturen og menneske som stadig er i endring. Vi får ta del i ulike opplevingar, alt frå ljåslått og skeiseløp til språkglede og springeglede. Og vi får vere med inn i relasjonar som kan vere både gode og smertefulle på same tid. Vi er med på å gå oss vill, men finn òg heim igjen. Og vi får kjenne på både dødsangst og korleis det er å forsone seg med døden til slutt. Omtalen er utarbeidd av BS.