Novella "Ein motig maur" er henta frå Tarjei Vesaas sin novellesamling "Vindanen" som utkom i 1952. For nokre år sidan tok teiknaren Steffen Kvernland for seg ein del klassikarar og laga "Amputerte klassikarar" i Dagbladet. "Ein motig maur" var blant dei klassikaran han laga sin strek til. Denne boka bygger på denne teikneserien, teksten er noe nedkorta og tilpassa teikneserieformatet. "Ein motig maur" handlar om ein maur som vel å forlata tua si til fordel for den store verda. Vi føljer mauren på ferda, i basketak med andre dyr og insekt, før den ender sitt liv i ein varm kopp med kaffi. Nynorsk tekst. Biletbok for småskole-/mellomtrinnet.
. - God, leseleg skrift
Den særs allsidige teiknaren gledde mange med sine «Amputerte klassikere» i avisa Dagbladet for nokre år sidan. Tarjei Vesaas novelle «Ein motig maur» var vel ein av dei kortaste klassikarane han amputerte, men den vart ein av hans lengste og beste!
Det er ei glede å presentere i bokform denne overmotige, illsinte mauren i Kvernelands strek og med hans respektfulle nedkorting av teksten, tilpassa teikneserieformatet. Boka vil overraske og glede både barn, unge og vaksne, og kan for mange bli eit første appetittvekkjande møte både med forfattaren og teiknaren.