Forlaget skriv om denne boka:
Den som ikke våger seg ut
Når skib er i ytterste fare
Han kan vel være et hederlig skinn
Han er ingen sjømann, bare
Arnulf Øverland set i dette diktet ord på det store mannsmot og store sjømannskap som har vore vist på kysten av Sogn og Fjordane gjennom hundreåra. Denne boka om skipsforlis handlar såleis ikkje berre om tragediane, men også om heltane som sette livet på spel for å berge medmenneske i havsnaud.
Havet tok inneheld 60 dramatiske historier om 78 utvalde forlis, frå Selje og Stad i nord til Gulen i sør. Her er forlis frå kring 1800 til 1989, både med enkle færingar og seglskip, dampbåtar og motorbåtar. Her er fiskebåtar, fraktebåtar, passasjerbåtar, krigsskip, og ein oljetankar. I desse forlisa har minst 500 menneske mista livet, i tillegg til dei minst 200 som vart drepne i Måløy-raidet, både på land og sjø. Andre kjende krigsforlis er også med, m.a. hurtigruta Sanct Svithun.
Boka er rikt illustrert med gamle og nye foto, av desse mange originalfoto frå forlisa.