Kraken, sjøkalven, havfolket og andre «sjøtroll» på norskekysten
Kystfolket har visst om dei i tusentals år - alle desse underlege havskapningane, men no er dei fleste gløymde. Berre sjøormen blir av og til observert. Men kanskje er dei likevel ikkje borte? Kanskje har du fiska på kraken - utan å vite det? Kan hende har marmælen knytt knute på fiskesnøret ditt - og det var kanskje ingen vanleg sel som dukka opp nede ved stranda og kika oppover mot husa - og høyrde du ikkje ei underleg brusing ute frå havet ein stille sommarkveid? I denne boka får du møte alle dei underlege «sjøtrolla» som var ein del av kvardagen til tippoldefar og tippoldemor. Nokre av dei er farlege og skræmande, andre er meir uskuldige og endåtil gode hjelparar for fiskaren og andre sjøfarande. Det gjeld å kjenne dei, om slike skapningar skulle dukke opp ved båten eller utanfor badestranda - elles kan det gå galt.