Forlaget skriver om denne boka:
Det nyaste teaterstykket frå Jon Fosse hadde urpremiere i august 2002 på teaterfestivalen i Edinburgh, og blir sett opp i Noreg i 2003.
Jenta i sofaen tematiserer gryande seksualitet, utroskap og svik, og korleis såra frå barndommen aldri blir lega.
Den vaksne kvinna i stykket er målar, men opplever at ho ikkje kan skape. I stykket blir ho konfrontert med den unge jenta ho ein gong var, og gjenopplever moras utruskap medan ho sjølv venta på at faren skulle kome heim frå sjøen.