Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
839.2 Sande,J.
479 s.
Har bibliografi, innhaldsliste, noter, register . - Det er 100 år sidan den vare lyrikaren, den folkekjære visediktaren og den ramsalte spottaren Jakob Sande blei født. No kjem den første biografien om han. Sande debuterte 23 år gamal i 1929, same året som Halldis Moren, som han var svært forelska i. Mytane og anekdotane om den kvinnekjære og festglade diktaren er både fargerike og sjølvmotseiande. Sunnfjordingen Sande var klokkarson, ”nynorskens Alf Prøysen”, barsk humorist, folkelivsskildrar, barokk visediktar, lektoren som drog til sjøs, livsglad sjømann, samfunnskritisk novelleforfattar og ektemannen som svikta kona og si einaste dotter. Frå debuten og gjennom heile etterkrigstida var Jakob Sande ein av landets mest populære diktarar. Biografien er utstyrt med fotografiar som ikkje tidlegare har vore publiserte.
978-82-521-6497-8 : Nkr 399.00
0004989
Bestill       Hugs denne

(beta)Bli den første til å skrive ei melding
DENNE FØRSTE GRUNDIGE biografien om (Jakob Sande (1906-67) legg fram nye tolkingar av livssoga til den ramsalte spottaren, den folkekjære visediktaren og den vare lyrikaren. Mytane om den gåverike klokkarsonen, den kvinnekjære sunnfjordingen og festglade diktaren er mange og sjølvmotseiande, og Ove Eide gjennomlyser bakgrunnen og den tidvis tragiske livssoga til denne.

Sande var lektor av utdanning og arbeide i Fredrikstad og på Ullern i Oslo, men fungerte kanskje betre til sjøs og i Visens Venner. Sandes liv og diktning var fylt av paradoks og kontrastar. Han brukte mykje av sine meir en 30 år i hovedstaten på å lengte heim til Fjaler, men når denne lengten vart forløyst i dikt og prosa, var det i ei form som hadde appell til folk i by og bygd over heile landet.

OVE EIDE (f.1950) har frå 1991 vore ein av dei sentrale i Jakob Sande-selskapet og frå 1994 til 2006 har han vore redaktør av Jakob Sande-årboka. Eide syner korleis Sandes popularitet har gått i bølgjer, og korleis den mangslugne diktaren lenge var undervurdert og avfeid som ein enkel og grunn spottegauk.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips ein ven om Jakob Sande : liv, dikting
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Anna vising

Hugseliste

Lista er tom