Har bibliografi, innhaldsliste, notar, register
. - I dette første bandet følgjer vi Bjørnstjerne Bjørnson frå han er ein ukjend og ærgjerrig ung mann, til han er midt i livet. Bjørnson blei avgjerande i arbeidet for å skape eit moderne og demokratisk Noreg. Han gjer teateret til skodeplass for det verkelege livet og innvarslar den litterære realismen i Norden. Biografien teiknar eit portrett av diktaren, politikaren, teatersjefen og redaktøren som er ustoppeleg og engasjert på nær sagt alle område i samfunnslivet. Vi møter òg Bjørnstjerne Bjørnson som eit menneske blant menneska, som venn, ektemannen til Karoline og som stolt familiefar. Striden mellom Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson er med. Vi følgjer dei begge frå starten av karrierane deira, og til dei etter kvart går kvar sin veg. Andre og siste band kjem i 2010, 100 år etter at Bjørnson døydde.
FEMTEN ÅR GAMMAL les Bjørnstjerne Bjørnson i avisa om den franske februarrevolusjonen og om opprøret mot Europas mektige som spreier seg frå land til land. Noko vakna til liv i han, ei tru på folkeopplysing og ei betre framtid for vanlege menneske, som han ber med seg resten av livet. I Villskapens år følgjer vi Bjørnstjerne Bjørnson frå han er ein ukjend og ærgjerrig ung mann, til han midt i livet flytter inn på Aulestad. Han blir førande i kampen for eit moderne og demokratisk Norge. Han gjer teatret til skodeplass for det verkelege livet. Han innvarslar den litterære realismen i Norden.
Vi møter Bjørnstjerne Bjørnson som kunstnar og politikar, som eit menneske blant andre menneske, som ektemannen til Karoline. Aldri før har det vore skrive så levande om vennskapet og konfliktane mellom Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, frå dei møttes tidleg i ungdommen, til dei gjekk kvar sin veg.
Villskapens år er første band i Edvard Hoems store biografi om Bjørnstjerne Bjørnson.