Far hadde drøymt om å lage gartneri på garden Åset, men han rakk det ikkje før han døydde. «Du får gjere det du» hadde han sagt til Sigrid og det er ord ho ikkje gløymer. Den yngre broren Jon skal ha garden, så Sigrid må finne seg noko sjølv, som godfar seier. Boka gir eit fint bilete av det trygge fellesskapet mellom generasjonane som dei fleste barn i dag må sakne. Kontakten med naturen og jorda er sterk og sjølvsagd, og tiårige Sigrid går til hageflekken sin med stort alvor. Så ein dag kjem mormor frå byen, og ho har noko å spørje Sigrid om&