Har bibliografi, innhaldsliste, notar
. - Eddadikta er ein viktig del av den førkristne nordiske litteraturen. Det er ikkje klart når eddadikta vart til, eller kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida. Band 1 inneheldt dei to mest kjende eddadikta, Voluspå og Håvamål. I dette bandet finn vi dei øvrige gudedikta i denne eldgamle poesien. Dei gir eit unikt innsyn i den førkristne nordiske religionen, og er fulle av visdom, lærdom og dessutan barsk humor. Gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård. Forord av Jon Fosse.
EDDADIKTA inndelast i gudedikt og heltedikt. Dei to mest kjende gudedikta, Voluspå og Håvamål er haldne i eit opphøgd språk som kan gje lesaren kjensla av å vera i ein naturkatedral men med andre gudar enn den kristne.
GUDEDIKT har andre tonefall, det er som å stiga inn på eit yrande torg. Ordbruken vert ein annan og respekten for det heilage får meir folkelege uttrykk. Vi møter gjøglarar, posørar, kåtskap, skjemt, fordomar og truskap i fargerik blanding. Og vi møter forteljingar om vågsame ferder i underlege land.
GUDEDIKT gjev eit unikt innsyn i den førkristne tenkjemåte, gudstru og menneskesyn. Somme av dikta kan ha vore brukt i rituelle teaterframføringar i samband med gudedyrking. Fleire stader støyter ein på fordomar mot seksuelle minoritetar, ofte i eit opprørande rått språk - som denne gjendiktinga for første gong freistar finna tilsvarande uttrykk for på moderne norsk.