For gardkona på Hustveit, Karjane, er det eit tungt slag at ektemaken fell bort. I tillegg til sorga kjem så, som lyn frå klår himmel, skamma. Hustveit-folket vert utsette for eit oppslitande rykte. Dette er børa som Karjane må ta opp, heilt nedanfrå, stundom i kamp med sin eigen tvil. På den vesle bygdescenen blir det utspela eit drama som er både allment og aktuelt.