Forlaget skriv om denne boka:
Anna, Laila og Maria. Førde, Værland og Borgarøy. Eller meir eksotiske namn som Ceylon, Onyx og Shamrock. Alle har det til felles at det er båtnamn, namn på trauste slitarar som har baska seg fram i all slags vêr oppetter eller nedetter norskekysten, eller ut på dei store hav, i jakta på dei gode fangstane.
Denne boka er nummer tre i serien. "Båtar med sjel" (2002) og "Båtar med sjel II" (2007) fortalde om til saman 145 båtar frå Sogn og Fjordane. Her kjem 71 til, denne gongen frå heile Vestlandskysten, frå Stavanger til Kristiansund. Den eldste båten vart bygd i 1885, den nyaste over hundre år seinare. Dei fleste båtane ligg no på havets botn, men kring ti av båtane finst enno, mellom dei fleire "veteranbåtar". Langt dei fleste båtane var også bygde på Vestlandet, med Hardanger og Sunnhordland som kjerneområde. Boka er rikt illustrert med kring 240 bilete.