Dette er ei humoristisk forteljing der både tekst og illustrasjonar leikar seg meg førestillinga om å miste seg sjølv. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet.
Timothy har det fint. Han har eit lite hus i skogen og akkurat passe mange tenner. Men ein dag begynner alt å falle frå kvarandre. Det er den dagen Timothy mister ei tann.
"Timothy mister seg sjølv" er ei enkel og morsom forteljing som med stor humor i tekst og illustrasjon leikar seg med begrepet å miste seg sjølv.
Vegard Markhus står sjølv for tekst, illustrasjon og design.