«Korleis skal ein eigentleg oppføre seg for å både vere god og å ha det godt?» Slik innleiar Agnes Ravatn forordet til denne samlinga av såkalla filosofiske smular, skreve for avisa Dag og Tid mellom åra 2010-2013. Boka består av to delar, som markerer dei to rundane tekstane vert skrivne i: Filosofi i praksis og Ta spranget med Søren Kierkegaard. I den fyrste delen skriv Ravatn mellom anna om stoikarane, epikurearane, Platon og Sokrates; i den andre skriv ho om Kierkegaards tre livsstadium. Ravatn forankrar dei filosofiske refleksjonane i høyst reelle og ofte komiske situasjonar. Omtalen er utarbeidd av BS.
På toppen av berg-og-dal-banen blir me ståande stille eit sekund eller to, vippande på kanten av stupet. "Gift deg eller gift deg ikkje, du vil angre begge delar", tenker eg. Eg drar Minnie Mus-ringen fram og stikk han opp i ansiktet hans. "Vil du gifte deg med meg!?!"
Er filosofi høgtsvevande og teoretisk visvas, eller kan det òg ha praktisk nytte? I denne underhaldande boka testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen, i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske.
På vegen mot det gode livet går ho på ski med Kant, arrangerer symposium i Platons ånd og trulovar seg etter råd frå Kierkegaard. Stoisk uro og andre filosofiske smular er ei sjarmerande samling tekstar som vekker både latter og undring.