Hopp over navigasjon
    
Mobile site
Cover photo
""
Sign in (top right) to give your star rating
Published:
2015 . - Book . - 439 s.
Norse
Genre:
Information:
Edda-dikta er ein viktig del av den førkristne nordiske litteraturen. Det er ikkje klart når eddadikta vart til, eller kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida. I band 1 og 2 var gudedikta samla, medan dette bandet inneheld nokre av heltedikta i denne eldgamle poesien. Gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård.
Item location:
839.6 E
Borrow       Add to selection list

(beta)Be the first to write a review
EDDADIKTA er delt inn i gudedikt og heltedikt. Edda I og II inneheld gudedikta, i tredje og fjerde bandet finn vi heltedikta.

Medan gudedikta gjev eineståande innsyn i førkristen tenkjemåte, gudstru og etikk, handlar HELTEDIKTA om menneskeverda: Her finn vi store forteljingar om kjærleik og død, om heltedåd og svik, om grådugskap og tru på noko større, vi les om blodige krigsvollar under ein himmel der krigsgudinnene flyg og der dei daude kan fødast att i nye liv.

I HELTEDIKTA møter vi historiske personar som levde så langt attende som i folkevandringstida, og som er kjende frå historiske kjelder: Til dømes er Gunnar attkjenneleg som burgundarkongen Gundicharius (d.437), og Atle er hunarkongen Attila (d.453). Dei levde i det sentrale Europa, nokre av dei vest ved Rhinen, andre så langt aust som ved Svartehavet.

Dei dramatiske hendingane i desse dikta er sentrerte kring heltane Helge Hundingsbane og Sigurd Fåvnesbane og deira mektige ætter i møte med fysisk attrå, sjeleleg liding, siger og tap, svik og hemn - og der trollkjerringar og overjordiske vesen spelar med i ein diktekunst som ikkje har sin make nokon stad.

Always display this tab

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Always display this tab
  • Suggest this item to somebody: Edda-dikt . Band 3 . Heltedikt
  • Share on Facebook
  • Show Facebook's Like button
  • Tweet
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Your suggestions
  • Display alternatives

Selection list

Empty