Dette er ein diktsamling som kastar lys over den gøymde verda av sensualitet i det dominante narrativet innanfor islam. Dikta handlar óg om verkelegheita og skrekken nokon må møte i ei verd driven av krig. Narrativa utforskar tema som feminisme, krig, og immigrasjon, om korleis kvinner berre blir sett på som verdifulle om dei er jomfruer, om valdtekt som eit våpen i krig, og om korleis det er å vere på ein evig flukt. Kvinnekroppen blir brukt som eit motiv til å illustrere systematisk undertrykking, vald, rasisme, og brutalitet. Warsan Shire har vunne fleire prisar, mellom anna Brunel Universitys African Poetry Prize. Omtalen er utarbeidd av BS.