Følg draumen! Det er nettopp det Nils og far gjer. Dei er snart ferdig med eit gigantisk byggeprosjekt. Dei har bygd ein rakket av fiskebolleboksar. Om ikkje mange dagane kjem den siste knappen i posten, sjølvaste oppskytningsknappen. Då kan faren til Nils endeleg oppfylle den store familiedraumen om å reise rundt jorda. Men då Nils spør faren om det vil gå bra, er stemma til faren litt skjelven. Dette er ei humoristisk og absurd forteljing om eit alt for stort byggeprosjekt, samstundes som den handlar om den store kunsten det er å verkeleg snakke saman. Forteljing for småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 6-11 år
Follow your dream! Nils og faren er snart ferdige med det gigantiske byggeprosjektet sitt: å lage ein rakett av fiskebolleboksar. Ja, ein fiskebolleboks-rakett! No er det kun få dagar att til den siste knappen kjem i posten, sjølvaste oppskytningsknappen. Då kan faren endeleg få reise rundt månen og oppfylle den store familiedraumen. Og det blir vel veldig bra? spør Nils med eit bleikt smil rundt munnen. Ja, kjempebra, smiler faren attende. Men er ikkje stemma hans litt skjelven? Fiskebolleboks-raketten er ei humoristisk og absurd forteljing om eit altfor stort byggeprosjekt. Men mest av alt handlar ho om den store kunsten det er å verkeleg snakke saman.
Boka er gjennomillustrert av forfattaren. Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, og blei tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris i 2012 for Unni og Gunni reiser. Folkestad er kjent for sine humoristiske og lett absurde forteljingar som fengar barnelesaren.