Jakob og Neikob legg seg til å sove etter ein lang dag. Da dei vaknar oppdagar dei at dei har sove i ti år. Korleis kan det ha skjedd? Kanskje Tjuven har stole tida. Redninga er ein tidsmaskin. Illustrasjonane er laga i ein retroaktig stil. Biletbok for førskolebarn. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 3-6 år
. - God, leselig skrift
Siste bok om radarparet. Bestevennene Jakob og Neikob legg seg for å sove etter ein lang og travel dag. No vil dei skunde seg å slappe av. Da dei endeleg vaknar, oppdagar dei at dei har sove i ti år. Men kor har tida blitt av? Kan Tjuven ha stole tida? Kan dei kjøpe tida hos Somlekob i kiosken, han som alltid har all verdas tid? Eller kan ein tidsmaskin vere redninga? Jakob og Neikob og tidsmaskinen er den sjuande boka om radarparet Jakob og Neikob. Serien har fått eit klassikarstempel, og bøkene er omsette til fleire språk.