Opplysninger2
| Tenk om du ein dag vaknar opp og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. Denne boka leikar med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og tankespinn opnar den opp for at ein sjølv kan fabulere, i tillegg fortel den om kvifor dyra faktisk er som dei er. Boka bør lesast med litt golvplass, så ein kan utforske korleis det er å ha åtte bein, slik som edderkoppen, eller øyre som ein elefant. Dette er ei bok som tek fantasien på alvor. Sakprosa for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 3-9 år
. - God, leselig skrift
|