Opplysninger2
| Denne diktsamlinga tar opp tema om morskjærleiken og kor grensene for omsorga går. Mora avgjer alt og ser alt, mens barnet er i hennar vald. Barnet er det mest verdifulle ei mor har, men samstundes er fosteret i livmora som ein okkupasjon, og seinare som ein livslang bekymring. Det er uklare grenser mellom å elske og eige eit anna menneske. Diktsamlinga er óg ei forteljing om slektskap, heimbygd og forfedre. Omtalen er utarbeidd av BS.
|