Opplysninger2
| Ingeborg Kristine og Lovise vert døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsnes kyrkje i Sogn. Den eine vert skriven inn i kyrkjeboka som ægte, medan den andre vert ført inn som uægte. Dette skal få følgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande. Det er ei tid med aukande turisme og endringar. Bondekultur med handverk, vevnad og treskjering møter bykultur. Til dei frodige bygdene kjem også båtbyggjarar frå Hardanger og Kvinnherad. Jentene får merka det yrande livet ved sjøkanten og ved handels- og gjestgjevarstadane.
|