Opplysninger2
| Engel Winge er 16 år og har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes. Som sitt første oppdrag vil ho skrive ei sak som sett investoren Georg Thomsen i eit dårleg lys. Men i jakta på kapitalisten Thomsen, som blindpassasjer i ordførarens speedbåt, kjem Engel på sporet av verre lovbrot enn ho først trudde ho ville finne der i området. På den bortgøymte Solstråleøya blir ei kvinne funnen død. I si forbrytarjakt får Engel sjølv trøbbel med politiet. Ho ser til slutt inga anna råd enn å sette opp ei felle med seg sjølv som agn. Då begynner ting verkeleg å gå gale. Spenning for ungdomstrinnet.
|