Handlinga i denne forteljinga tek til på slutten av 2000-talet. Dei rikaste menneska har klart å stoppe klimakrisa og vunne krigen mot Alpha-intelligensen, den første kunstige intelligens. No blir dei sett på som heltar. I Istanbul møtest to ungdomar, Ingrid frå Noreg og Zeki frå Tyrkia, som på kvar sin kant leitar etter svar. Ingrid skal møte onkelen sin som er arkeolog, Zeki leitar etter ei sakna venninne. No blir dei kasta ut i eit kappløp om verdssamfunnet, der fienden er den dei trudde var fallen. Fantasy for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: Ungdom fra 13 år
Mot slutten av 2000-talet stod menneskeslekta på kanten av stupet. Verdas nasjonar hadde svikta i kampen mot klimaendringane, samtidig som ein ny trussel vaks fram: den første kunstige intelligensen.
Han fekk namnet Alpha-intelligensen, og gjennom internettet sine knutepunkt og bakdører gjekk han til angrep på verdas land og organisasjonar. Men medan verdssamfunnet knela i møtet med den nye fienden, slo dei aller rikaste menneska på kloden seg saman og tok opp kampen.
Dei vann krigen mot Alpha-intelligensen. Dei stoppa klimakrisa. Og no blir dei dyrka og sett opp til over heile verda - som udødelege heltar.
I eldgamle Istanbul, der krigen enda, leitar to ungdomar etter svar på kvar sin kant. Ingrid frå Noreg skal møta arkeolog-onkelen sin, medan den lokale guten Zeki leitar etter ei sakna venninne. Snart kryssar vegane til Ingrid og Zeki seg, og dei blir kasta ut i eit kappløp der sjølve verdssamfunnet står på spel. For falne fiendar kan reisa seg igjen.