Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgjeve:
2016 . - Bok . - 455 s.
Norrøn
Sjanger:
Opplysningar:
Edda-dikta er ein viktig del av den førkristne nordiske litteraturen. Det er ikkje klart når eddadikta vart til, eller kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida. I band 1 og 2 var gudedikta samla, medan dette bandet inneheld nokre av heltedikta i denne eldgamle poesien. Med fjerde bind avsluttes gjendiktinga av Edda. Gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård.
Hylleplass:
839.6 E
Bestill       Hugs denne

(beta)Bli den første til å skrive ei melding
MED DETTE fjerde bandet er det som kanskje er det viktigaste litterære arvegodset vårt, eddadikta, kome i moderne norsk språkdrakt. Heile hovudhandskriftet frå 1200-talet er no gjendikta og grundig kommentert på grunnlag av det ein i dag reknar som mest pålitande tolkingar.

Gudedikta gjev oss eit eineståande innsyn i den norrøne mytologien, etikken og i tenkjemåten til forfedrane våre. Volva, ho som ser alt frå verdas opphav til verdas ende, åtvarar mot å sleppa laus grådugskap som fører til svik og krig og øydelegging av alt liv på jorda i ei endetids ragnarok. I gudedikta står kunnskap sentralt, løynd og open kunnskap. Men også der kjem sviket inn og uroar den harmonien i verda som fanst då gudane leika seg med gull som i ein paradisisk uskuldstilstand.

I somme av heltedikta grip gudane inn i menneskeheimen, og nornene spinn lagnadstrådane sine. Menneska har kontakt med diser og troll, daude vender attende or dødsriket, og Sigurd Fåvnesbane kjempar mot ein drake og lærer fuglemål.

I band IV finn vi litterære ekko frå hendingar heilt attende til folkevandringstida. Mange av personane i dikta levde i Europa på 400- og 500-talet, i ei uroleg tid med store folkeflyttingar, blodige krigar mellom gotarar og hunarar, nyteikning av landegrenser og eit romerrike i oppløysing. Vi møter hunarkongen Attila, som i eddakvada er kalla Atle, burgundarkongen Gundicharius, som er eddaens Gunnar, og gotarkongen Theoderik den store, som er kalla Tjodrek i eddadiktinga.Gullet er raudt i heltekvada, som eld - men òg som blod. Gullet og blodet går som ein raud tråd gjennom denne diktinga. Når ein får auga på dette, ser ein òg kor aktuelle disse eldgamle dikta er. Byter ein ut gull med olje, kan ein kjenna att dei blodige vegane i eddadikta som fører fram mot krigar og katastrofer - som i vår tid.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips ein ven om Edda-dikt . Band 4 . Heltedikt
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Anna vising

Hugseliste

Lista er tom