Det er leggetid seier pappa, men jenta vil lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg. Jenta ynskjer at nokon hadde skrive ei bok om henne, men i bokhylla finst det berre bøker om andre. Difor diktar pappa og jenta opp boka om jenta. Så blir det det spennande å sjå kva boka skal handle om, om det skal vere slimmonstre i boka, om ho skal klatre opp på verdas høgaste fjell, om ho skal reise tilbake i tid å møte bestefar eller om ho skal reise fram i tid og møte seg sjølv som vaksen. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 3-9 år
Pappa seier at det er leggetid, men jenta vil at dei skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ynskje at nokon hadde skrive ei
bok om henne. Men i bokhyllene finst det berre bøker om andre, ho skulle ynskje at nokon hadde skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta. Skal det vere slimmonster i den boka? Skal ho klatre opp på verdas høgaste fjell? Skal ho reise tilbake i tid for å møte bestefar? Skal ho reise til framtida og møte seg sjølv som vaksen? Ja, alt er mogleg i ei bok. Men om alt er mogleg, kan jo alt mogleg skummelt også hende. Og kva skjer når pappa blir så ivrig med å dikte at han gløymer at det faktisk er leggetid?