Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
"5.0
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgjeve:
[Oslo] : Samlaget , 2021 . - Bok . - 248 sider
Nynorsk
Opplysningar:
Under flyktningkrisa i 2015 tok Tyskland imot ein million syriske flyktningar. Dette skulle vise seg å setje fart på ei djup politisk polarisering i landet. Plutseleg fekk det høgrepopulistiske, islamfiendtlege og til dels høgreekstreme partiet AfD skikkeleg fotfeste. Dei fekk til og med ein plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 drap høgreekstreme den tyske regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke. Høgreekstremismen er i 2020 det største trugsmålet mot tryggleiken i landet, slo det tyske tryggingspolitiet fast. Kva er det som går føre seg i Tyskland? Astrid Sverresdotter har dykka djupt ned i dei tyske høgreekstreme miljøa. Lesaren får mellom anna møte Pegidademonstrantar, vere med på AfD sitt folkemøte i Erzgebirge og på konservative møte i dei herskapelege delane av Vest-Berlin. "Det mørke Tyskland" handlar om politisk polarisering, internettradikalisering, enorme sosiale skilnader, men òg om politisk mot. Forfattaren er journalist og historikar. Omtalen er utarbeidd av BS.
Hylleplass:
320.50943 D
Bestill       Hugs denne

(beta)Bli den første til å skrive ei melding
I juni 2019 vart den kristendemokratiske politikaren Walter Lübecke myrda på terrassen i sin eigen heim av ein nynazist. Eitt år seinare slo det tyske tryggingspolitiet fast at høgreekstremisme er eit av dei største trugsmåle mot tryggleiken i landet.

Journalisten Astrid Sverresdotter Dypvik tek lesaren med på demonstrasjonar i Dresden, inn i fasjonable salongar i Berlin og på lukka politiske møte i krinsen rundt Björn Höcke, mannen tryggingspolitiet kallar ein superspreiar av hat, vald og radikalisering. Boka fortel historia om korleis ytre-høgre-partiet AfD har endra Tyskland. Dette er også ei forteljing om korleis landet blir heimsøkt av skuggane frå Weimarrepublikken, brotsverka frå den andre verdskrigen og dei enorme økonomiske forskjellane mellom aust og vest.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips ein ven om Det mørke Tyskland : ei reise b
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Anna vising

Hugseliste

Lista er tom