Kjell er ikkje tjuv lenger. Kjell likar Pølse-Per meir enn alt anna i verda, og Pølse-Per elskar pølser meir enn noko anna. Ein dag, rett før skulestart, flyttar det ein politifamilie til byen. Kjell sin klasse skal på overnattingstur i skogen og politijenta Perit skal være med. Når Perit blir ein polititjuv endrar alt seg for Kjell. Biletbok for førskole-/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 3-9 år
. - God, leselig skrift
Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men er ikkje tjuv lenger. Det er ingen i verda Kjell likar så godt som Pølse-Per og det er ingenting i verda Pølse-Per likar så godt som pølser. Men rett før skulen skal på overnattingstur i skogen, flyttar det ein politifamilie til byen. Politijenta Perit skal bli med på klasseturen. Og for Kjell endrar alt seg når Perit blir ein polititjuv: Ho stel bestevennen Pølse-Per.
I «Polititjuven» møter vi att Kjell som vi blei kjend med i «Pølsetjuven» frå 2019. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er blitt omsett til fleire språk og satt opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen.
Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har illustrert fleire bøker for barn og unge.