Medlemmene av Klodeklubben kosar seg i sommerferien når det dukkar opp ein diger luksusbåt på fjorden. Det skal speles inn ei scene til ein ny superheltfilm. Men det blir mykje forureining. Så blir maska til superhelten borte, og Klodeklubben får skylda. No må dei reinvaske seg. Kodeklubben består av Vanja, Sivert og Mo som bur i ei lita bygd på Vestlandet, men sjølv på ein liten stad kan miljøkriminalitet skje så dei tre vennene må stadig ut på jakt etter miljøskurkar. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. Spenning for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 6-11 år
. - God, leselig skrift
Det er endeleg sommarferie. Medan Vanja, Sivert og Mo kosar seg i sola, dukkar det opp ein diger luksusbåt med eige helikopter på fjorden. Ut kjem Alexandra Liu, ei av dei største filmstjernene i verda! Ho skal spele inn ei scene til den nye superheltfilmen om Queen Hero.
Vanja, Sivert og Mo tykkjer det er spanande at det skal bli spelt inn film i bygda. Men det blir også mykje trafikk, støy og søppel. Så forsvinn den kostbare superheltmaska til Queen Hero. Regissøren mistenker Klodeklubben. No må dei finne ut kven som står bak tjuveriet, for å reinvaske seg.