Hopp over navigasjon
    
Mobile site
Cover photo
""
Sign in (top right) to give your star rating
Published:
Follese : Efrem , 2024 . - Book . - 96 sider
Norwegian, Nynorsk
Genre:
Information:
Å dikte er ein strid på liv og død, og det diktaren kjempar mot, er sin eigen undergang. Livet er forgjengeleg, og det gjeld å halde fast på det vakre, det opphavlege og reine. Diktarane i denne samlinga kjempar mot undergangen på kvar sin måte. Dei er fire diktarar frå dei britiske øyane, frå England, Skottland og Wales, med kvar si særeigne stemme og biletverd. William Shakespeare (1564-1616) held i sine sonettar fast på biletet av sin kjære. Kven denne kjære er, veit vi ikkje. Men dei fire hundre år gamle dikta står som lysande freistnader på å halde dette biletet fast i rim og rytme. For Dylan Thomas (1914-1953) er det diktarens eige sinn, i møte med det forgjengelege livet og den trugande døden, som får sitt uttrykk i dikt. Vi kan nesten kjenne den glødande intensiteten i striden, der Thomas kjempar over skrivebordet, medan haugen av samankrølla ark blir større og større på golvet. For Ronald Stuart Thomas (1913-2000) er det sjølve det menneskelege som er truga av undergang i møte med den moderne verda. Thomas nærer djup forakt for alt det moderne, som han omtalar som maskina. Stilt overfor maskina, freistar han trassig å halde fast på det ekte og opphavlege. Det er Orknøyane som er George Mackay Brown (1921-1996) sin arena. Bileta hans er så reine at berre det vesentlege står att, og lesaren kan stige inn i dei med sine eigne assosiasjonar. Utval og gjendikting er ved Hans Johan Sagrusten.
Item location:
IDI
Borrow       Add to selection list

(beta)Be the first to write a review

Always display this tab

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Always display this tab
  • Suggest this item to somebody: I diktet har du fått eit evig l
  • Share on Facebook
  • Show Facebook's Like button
  • Tweet
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Your suggestions
  • Display alternatives

Selection list

Empty

From previous search