Ei ung legefrue frå den fiktive, men mykje franske landsbyen Yonnville-l-Abbaye har blitt ein av dei mest berømte skikkelsar i verdslitteraturen. Forteljinga om Emma Bovary, hennar romantiske draumar, hennar utroskap og fåfengde kamp mot det prosaiske dagliglivet i provinsen har halde lesarar fanga i generasjoner. Emma Bovarys tragedie har ikkje noko storslått over seg. Ho har pågangsmot og vilje til å komme vidare, men manglar totalt vurderingsevne og verkelegheitssans. Derfor vel ho feil, både når hun forelskar seg og når ho saman med den geskjeftige og framstegsivrige apotekaren Homais fører sin stakkarslege ektemann inn i hans store faglege nederlag. For Emma er det til slutt berre ein utveg att... Omtalen er utarbeidd av BS.
Gustave Flauberts gjennombrot Madame Bovary, vert sett på eit hovudverk i moderne fransk litteratur. Den tragiske kjærleikshistoria om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har blitt dramatisert, filmatisert og adaptert utalege gongar. Den er litterært sett svært presis og fortel ei historie som er fascinerande å lesa for ei brei lesargruppe. I dette verket har Flaubert klart å løfte ein banal historie opp til å famne noko større. Han skildra inngåande si eiga samtid, som han sjølv mislikte og opplevde som meiningslaus. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og banda småbysamfunnet la på kvinner midt på 1800-tallet. Samstundes borar han djupt i menneskesinnet og skildrar ei kvinne ramma av det samtida hadde teke til å gi merkelappen «hysteri».