Guten det handlar om er alvorleg sjuk, og han er heime med mora kvar dag. Han kjedar seg, saknar vener, men han har lært seg eit knep. I fantasien reiser han av garde, han skapar vener, der han sjølv bestemmer. Så møter han jenta mellom blokkene. Ho går heller ikkje på skulen. Ho trivst ikkje der, dei andre er ikkje greie mot henne. Guten tar henne med inn i fantasien, inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei finn eit røvarslott, dei blir fanga i underverda, dei rømmer frå pesten. Men dei klarar seg. Brått har guten ein å reise saman med, og dei vil heller vere i fantasien enn i den verkelege verda. Der er dei sterke, der kan dei gjere som dei vil. Historia følgjer dei to på reisene, spenninga og frykta, og gleda når alt går bra. Samstundes følgjer den guten og sjukdomen hans. Forteljing for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 9-13 år
Bli med på ei reise inn i fantasien! Til ein stad der ingen finn oss ...
Han er sjuk, så sjuk at han ikkje går på skulen. Ho trivst ikkje på skulen, dei andre er ikkje greie mot henne. Dei to møtest mellom blokkene, og han tar henne med inn i fantasien, inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei vil heller vere i fantasien enn i den verkelege verda. Der er dei sterke, der kan dei gjere som dei vil!
Mathias Nyhagen Asplunds debutbok DER INGEN FINN OSS skil seg ut på alle måtar. Det er ei stilfaren og tenksam, men også fantasifull og fabulerande bok, som grip tak i lesaren og ikkje slepp taket. Mathias Nyhagen Asplund har eit særeige språk og ein levande fantasi som overtyder alle som les boka om at fantasi er viktig. Viktigare enn å følgje reglar og å gjere ting «rett».