Den 9. april 1940 då tyskarane invaderte Noreg var Jorun Emilie Holm 12 år. Ho var på Lindøya utanfor Oslo og såg tyske bombefly fly lågt over hustaka, på veg for å invadere Noreg. I denne boka skildrar ho korleis det var å vere barn medan den andre verdskrigen går føre seg utanfor kjøkkenvindauget. Her fortel ho om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei blant anna vekt av SS-soldatar som jakta på Max Manus, ho såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og ho hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. Her får nye generasjonar bli kjende med den dramatiske og avgjerande tida i norsk historie. Forteljinga er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er illustrert med bileter. Sakprosa for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 9-13 år
. - God, leseleg skrift
Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg.
Frå Lindøya utanfor Oslo såg ho tyske bombefly fly lågt over hustaket, på veg for å invadere Oslo. Brevet frå krigen er ei sterk og unik skildring av korleis det er å vere barn medan den andre verdskrigen går føre seg utanfor kjøkenvindauget. Gjennom dagleglivet til Jorun får vi lære om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. Boka er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er rikt illustrert med unikt biletmateriale.
Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord. Brevet frå krigen lèt nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie.