"Komler var ein del av oppveksten min. Då eg flytta austover blei det ein del av identiteten min. No er komler aller mest eit sakn. Skuldast denne kjærleiken til komler berre matglede? Handlar det om identitet? Nostalgi? Og om det er av nostalgi, kva er det eg lengtar etter?"Dette spurte vestlendingen Kjartan Brügger Bjånesøy seg sjølv om, og la ut på ei reise i Komlelandet. Forfattaren bur i Oslo med ein familie som ikkje liker smaken av den grå juvelen, og med ein son som stadig spør: "Hva er det med pappa og komler?"
Brügger Bjånesøy måtte reisa vekk for å koma heim med eit svar, for å samla inspirasjon, oppskrifter og kunnskap om komlas historie. Reisa førte han til Bergen og Baltikum, Drøbak og Thailand, Bryne og Brooklyn, Farsund og Kristiansund.
Det kan hende du må vera født til lukta av komler for å skjøna kor viktig retten er for så mange nordmenn. Kvart land, kvar by og bygd har sine eigne namn og tradisjonar knytte til denne retten som blir kalla komler, raspeball, potetball, ball, kompe og klubb.
Som vestlending i eksil ville Kjartan Brügger Bjånesøy få familien i Oslo til å like denne delikatessen. Dette er hans komlekamp, ein hyllest til komler, mødrer og ei tid som var.